Ulm

Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 117 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Donau og er kreisfri by som er administrativt sete for landkreisen Alb-Donau. Saman med nabobyen Neu-Ulm på den andre sida av elva er det om lag 165 000. Neu-Ulm ligg derimot i delstaten Bayern. Dei næraste større byane er Augsburg og München i søraust og Stuttgart i nordvest. Ulm, som vart grunnlagd rundt 850, har ei rik historie og tradisjonar som ein tidlegare fri keisarby. I dag er han eit økonomisk senter med forskjellige industriar, og har mellom anna eit universitet grunnlagd i 1967. Internasjonalt er Ulm kjend for kyrkja Ulmer Münster og som fødestaden til Albert Einstein. Ulmer Münster har det høgaste kyrkjetårnet i verda med ei høgd på 161,5 meter og 753 trappesteg. Frå toppen er det av og til utsyn heilt fram til Alpane.


Developed by StudentB